| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD | GJERDE

Gjerde, Hyllestad k.

570,- NOK INKL MVA

1,8 cm, bronse. Basert på angelsaksisk mynt, vikingtid (modellskisse).

Kjøp eit stykke soge på e-post: post@arkeoreplika.no, eller ved eit utsal.

 

Smykket er basert på den yngste av sylvpenningane i myntfunnet frå Gjerde i Hyllestad kommune. Regelen er at den yngste mynten tidfestar nedlegginga av skatten. Her er det tale om ein såkalla "knutsmynt" prega av Knut den Mektige, konge over Danmark og England, i 1020-åra. Soga fortel at Knut den Store brukte store mengder "knutsmynt" til å kjøpe seg støtte frå norske stormenn fram mot slaget mot Heilag Olav på Stiklestad i 1030. Dei fleste myntfunn frå vikingtid inneheld oppklypte myntar og andre gjenstandar av sølv og gull. Desse bitane viser at for nordmennene var to halve like godt som ein heil - dei målte verdi etter vekt og hadde ikkje endå ein eigentleg pengeøkonomi. Gjerdeskatten inneheldt ikkje slike oppklypte myntar. Slike kan ha vore til stades men ikkje tekne vare på, eller, me kan sjå det som eit tidleg teikn på etableringa av pengeøkonomien. Kva låg til grunn for denne opphopinga av mynt nettopp her? Her er det nærliggjande å kople myntskatten til kvernsteinsproduksjonen kring Åfjorden. Fekk eigentleg pengeøkonomi tidleg feste nettopp her grunna handelen med kvernstein? Fanst her folk med nok makt til at Knut den Mektige trong å kjøpe godviljen deira?

Arkeoreplika sin rekonstruksjon av mannsdrakt frå vikingtid. Med kappespenne frå Lærdal og sko av Osebergtype.

 

Coin pendant based on an original finding from a Viking Age (800-1030 A.D.) treasure at Gjerde, Hyllestad kommune. The Saga Sognefjord series is made from bronze in the traditional lost wax technique in our foundry in Hyllestad .

Münze Hängeschmuck nach einem Orginalfund aus einem Wikingerzeit (800-1030 n.Chr.) Schatz aus Gjerde, in der Hyllestad Kommune. Der Serie Saga Sognefjord wird aus Bronze in der traditionelle Technik des verlorenen Wachses, in unsere Gießereiwerkstatt in Hyllestad hergestellt.

 

 

 

Kopien er støypt i massiv bronse, med tapt-voks teknikk (cire perdue). Dette er ein 6000 år gammal metode der ein voksmodell av den ferdige gjenstanden vert pakka inn i ei eldfast leireblanding. Når denne forma vert varma opp, smeltar voksmodellen og renn ut, og holrommet kan fyllast med flytande bronse. Bronse vart også støypt i klebersteinsformer.

SJÅ ARKEOREPLIKA STØYPER BRONSE PÅ YOU TUBE

Når byrja sogningane å telje penningane heller enn å vege dei? Kjøpte Knut den Mektige støtte av stormenn med maktbasen sin i kvernsteinshandel? Kjøp eit stykke av soga på post@arkeoreplika eller vitje eit utsal (her) - og spekuler sjølv!